Natt til onsdag den 7. juli låg eg ved sida av vertssyster på eit hotel i Denver. Det var dagen etter the 4th of July; noko som ikkje kunne måle seg med 17. mai i det heile, men som var veldig spesielt berre fordi det var slutten på året mitt her og ein av dei siste dagane eg fekk tilbringt saman med min familie. Det var baseball i hagen, det var god mat, det var fyrverkeri og det var mange tårer.
På hotellet i Denver låg eg og tenkte på USA året mitt: kor anleis det utarta seg i forhold til forventningane, mitt første syn av vertsfar som ein kort mann i svarte solbriller, kranglane til meg og vertssøster dei første månadane, korleis eg ikkje fekk sova dagen før første skuledag, alle gongane eg hadde spist lunsj i kantina, alle dei etterkvart kjente folka som smilte mot meg i gangane på skulen, bilturane med familien kvar me alle starta å syngja for full hals og kor solbrent eg var kvar einaste gong dei tvingte meg til å stå på sidelinja for å sjå dei køyre motorcross. Det gjorde så utruleg vondt å vita at eg om nokre få timar skulle skiljast frå dei for så alt for mange månadar, men alikevel kunne eg ikkje gjera anna enn å vera glad for at eg fekk moglegheita og fant motet til å ta sjansen på eit år i utlandet.
Klokka 3 om natta klemte eg Britney og Louis, folk eg nå ser på som familie, farvel.
Britney gav meg ei bok med alle dei finaste tankane om livet vårt det siste året, som gjorde at eg grein for meg sjølv heile turen over Atlanterhavet og lata som eg ikkje kunne engelsk når personen som satt ved sida av meg lurte på kva som var galt.
Det gjer utruleg vondt å reise frå dei,
men samtidig godt å vita at dei alltid vil vera ein del av livet mitt.
Å reise heim gir meg ei utruleg tomheitsfølelse,
fordi eit kapitell i livet mitt er over.
Likevel er eg nå klar for å skrive vidare!































