Det verste med å vera på andre sida av kloten er ikkje at dei ikkje har komla med salt kjøtt til eller at vatnet ikkje er like kaldt. Det er ikkje at dei ikkje viser “Senkveld med Thomas og Harald” og ikkje snakkar det same språket. Det gjer ingenting at skulebussane er gule istaden for grøne og at pengene er grøne i staden for raude. Det verste er å vera vekke frå familie og vener.
GRATULERER MED DAGEN MAMMA!
She is your mirror shining back at you with a world of possibilities. She is your witness who sees you at your worst and best and loves you anyway. She is your partner in crime your midnight companion someone who knows when you are smiling even in the dark. She is your teacher, your defense attorney, your personal press agent and your shrink.
Takk for at eg veit du kjem til å vera glad i meg uansett. Takk for at du alltid har tru på meg, og set mine håp og draumar så høgt. Eg set utruleg stor pris på deg, og eg veit det ikkje alltid er like lett med ein unge som skriv kronikkar om deg og reiser til andre side av kloten.
For alltid glad i deg!
“Du och jag, Alfred!”
These are the days you wish you got back. These are the days you wish never were over. There are the days you’ll never forget. These are the days that will always be with you.
Torsdag var siste skuledag for alle elevane på Centauri High School. Eg kjem verkleg til å sakna varm frukost og lunsj i kantina, karakter systemet, alle dei enkle testane, ekstremt engasjerte lærarar, nye elevar rundt deg heile tida, den amerkanske spiriten og galskapen <3

Eg har vore forberedt på at denne dagen skulle koma lenge og trudde difor ikkje at alle “byebye”ane, uttømming av “locker”et mitt og “dette er siste gong eg…” tankar kom til å bli så alt for gale – men då den Koreanske utvekslingsstudenten kom grinande nedover gangen klarte eg ikkje å halda tårene tilbake.

Det har vore eit fantastisk år og eg angre ikkje eit sekund på at eg har gjort detta. Detta året kjem alltid til å vera med meg, minnene kjem eg aldri til og gløyma og folka håpar eg eg aldri misser kontakten med. Samtidig er eg nå klar for å gå vidare.
Eg diggar, diggar, diggar familien min!
Å bu saman med vertssyster og vertsfar har vore ei oppleving for livet; så annleis, så spanande og så kjekt. Dei er ingenting som det livet eg kjente før eg kom hit, likevel føler eg meg heima her.
Me har krangla minimalt her i USA (heldigvis! sidan eg trur ikkje eg hadde klart å snakka engelsk medan eg var sint og frustrert), likevel har eg og vertsyster hatt 3-4 kranglar dette året. Me kjem frå to heilt forskjellige verdnar, og lev ved sidan av kvarandre 24 timar i døgnet – kva forventar du?
Amerikanarar er meir personar som går rundt med sinne inne i seg utan å seie noko medan dei synes synd på seg sjølv, noko som irriterer meg grøn! Kva er poenget med å gå rundt å vera sint når personen du er sint på ikkje eingong veit kvifor? Dersom eg (og nordmenn generellt??) er irritert på nokon går eg rett opp til dei og seier akkurat det eg meiner (også fordi eg er kortsint, så eg likar å få sagt det før eg gløymer det). Eg trur vertssyster blei litt skremd.
Eg visste ikkje det var mogleg å vera å tildekka av sand! Hovudbotnen min er full av sand, øyra er fulle av sand, den kvite jakka mi er grå av sand – og det føles nesten som om at innsida av augeballane mine er sandete også.
Helga har blitt tilbringt i Colorado Springs på eit av dei større motorcross banane. Fleire titalls kvadratmeter dekka av truckar, bobilar, motorsyklar og amerikanarar. Heilt super stemning med ukta av olje som har blanda seg inn i lufta, lyden av motorar som durar heile tida, vinden som tar med seg dyner av sand om gangen, sola som gir deg ein fin griserosa farge i andletet og magen som held på å vikle seg inn i ein krussedull under dei forskjellige sykkelløpa.
-vertssyster-
“Glede du deg til å reisa heim til Noreg nå?”
Er får det spørsmålet nesten daglig nå og eg har bare lyst til å svara “pass”. Vær så snill og ikkje spør meg, fordi eg veit ikkje ein gong sjølv kva eg synest.
Før me kom over hit blei me advart om at dess lengre ut i året, dess mindre lyst har me lyst til å reise heim. Eg føler det nesten motsatt, og eg trur det er fordi eg er så innstilt på å gå heim nå. Det er nesten som når du er i syden – den siste dagen ventar du i grunn berre på å reise heim. Jo nærare eg kjem reisedagen, jo meir klar blir eg. Eg saknar alt og alle heime!
Samtidig er det så utruleg trist. Alt eg har her akkurat nå, er noko eg aldri kjem til å få oppleve igjen. Alle folka eg har blitt så godt kjent med, lærarane, skulen, staden eg bur på, levemåten, vertsfar og vertssyster. Dette er den einaste gongen eg får leva min amerikanske draum. Nå som det berre er ei veke igjen med skule og berre to veker til ein utvekslingsstudent eg har blitt så veldig knytta til reiser heim blir eg heilt stressa
- og det er ingenting eg kan gjera med det.
Men eigentleg er det ganske egoistisk å tenkje slik: å ville ha i pose og sekk. Eg bør vera takknemleg for at eg har fått denna moglegheita som verkleg har lært med utruleg mykje. Sjølv ikkje alt dette vansklege vil forandre det.
I går var det High School Musical faktor på skulen vår. Band og drama klassen hadde satt opp eit spel om livet på 70talet, med disko, nerdar, musikk og rolerblades. Veldig kjekt å sjå, og alle var kjempeflinke! Var rett før eg trudde Zac Efron skulle komma opp på scena!
17. mai i dag!
- og
Gratulerer så masse til alle nordmenn.
Skulle ynskja eg var heime med familien og vener i dag. Skulle ynskja litlesyster vekka meg med å hoppe senga alt for tidleg. Skulle ynskja eg spiste ekstra god frukost, slik som berre mamma kan laga. Skulle ynskja me stressa i evighetar med å få på bunaden til eg var heilt raud i andletet og hårfrisyren tilbusta igjen. Skulle ynskja eg fekk gå i tog der lærarane masar på deg om at du må synga høgare og gå i finare rekker. Skulle ynskja eg kunne spist så mykje is og pølser til eg ikkje orkar tanken på det igjen før neste år. Skulle ynskja eg fekk delta i alle konkurransane før ein må søke ly under ein paraply for regnet. Skulle ynskja eg var der til å sitje utanfor huset og snakke med familien medan maten var på grillen.
Men eg har vore her borte ved jul, nytt år og påske allereie og eg veit det ikkje nyttar å tenkje slik. Eg er ikkje heime nå, og det å gå rundt å tenkje på alt som skjer heime kjem ikkje til å gjera det noko betre. Det er NÅ eg er i Amerika, 17. mai får eg feira neste år. Likevel har tankane mine vore i Noreg heile dagen, og eg skulle ynskje eg berre fekk denne dagen heime!
Har uansett hatt ein liten minifeiring med norgesflagg i blomsterpottene utanføre huset, norgesflagg malt på kinnet på skulen i dag, leikt leikar med vertssyster og graut laga av bestemor til middag. Ikkje så verst det heller.
Det er rart kor mykje meir nasjonalistisk du blir når du er utanfor landet sine grenser.
Beklagar lite blogging i det siste
- men dess meir som skjer her borte, dess mindre blir blogge lysta.
Har hatt ei heilt super helg.
Laurdag var det utvekslingsstudentane sin siste samling for detta året. Det blei pølser og sjokoladedekka jordbær, baseball og basketball, snakking på alt frå kinesisk til tysk, utveksling av nummer og opplevingar og masse kjekt. Utvekslinsstudentar er ein rase for seg(: Me fekk alle også ei t-skjorte som seier:
You know you have been an exchange student in the US if:
*you know what curfew and prom is
* your jeans just don’t fit like they used to
* you drive as close to the store as you possible can
* you look for multiple choice sections on tests
etc, etc, etc
I dag har det vore sommarstemning i dalen, og eg kom på kor mykje eg har sakna det. Eg lå og solte med på graset som startar å bli grønt (sjølv om alle mobbar meg når eg skal prøve å bli brun her borte). Steikar blei grilla på gassgrillen, gule sommarfuglar var overalt og sola brente mot huda. Heilt ok for meg!
SØNDAG KLOKKA 6:
“Hei mamma! Gratulerer med morsdagen”
“Jo, takk Anita, men det var to månadar sidan da men”
Teit at slike dagar ikkje er på same dato over heile verda
Ein lærar blei sparka i dag fordi ein elev hadde sett han surfa på pornosider. Stakkars yndlingslæraren min! :: Har vore på “Tacobar” med basketballaget i dag :: Eg savne å ligga i sengå og høyra folka gå i etasjen over her i ein etasjes huset vårt :: Kvar dag eg og Britney går ut for lunsj et me Reeses og kylling med ranch :: i morgon blir det overraskelses babyshower for biblotekaren på skulen vår. Ho veit ingenting om det! Gledar meg.
Veggen
Gymsalen pynta før festen
Alle fine amerikanarane
Prom king og queen. Seniorar begge to.
Etter PROM
Såå mykje kjekt!
Kjem aldri til å gløyma my prom week