Hello on you Personal Day

Har Noreg gått på styr medan eg har vore her borte?

Ingen har fortalt meg at Barne-TV ikkje går på NRK lengre.
Verden er snudd på hovudet, livet mitt er ein løgn! (Ok, slapp av. Eg veit)

Så nå er det einaste me har igjen Disney Channel og Cartoon Network med historiar om “monster med fem hovud som rir rosa elefantar til verdas ende” og “marsbuarar som invaderer piratar på ein øde planet.” Yes! (Eh-he-eh)

 

Eg og venninna mi (Codee) har godt rundt til alle lærarane i dag og fått dei til å skrive under på “Personal Day” arket vårt.
Personal Day er ein dag som alle elevar med over 4.0 GPA får (karakterer) ta utan at noko fråvær blir skrive ned. Eg synes belønnings-tankegangen til amerikanarar er …. WUNDERBAR!
Så.. i kveld skal eg og Codee berre “henga ut”. I morgon skal me berre “henga ut”. Laurdag skal me berre “henga ut”. Og søndag… skal eg prøve å få komt meg til mormonkyrkja. JIIIIHU.

God helg til alle folka!
Sjølv om helga ikkje er den same utan Barne-TV.

 

6 Responses to “Hello on you Personal Day”


  • HÆ? går ikkje barne-tv på NRK lengre ?
    Norge må ha gått på styr…

  • Eit stort og viktig spørsmål du tek opp der Anita. Sjølv om eg ikkje set pal og ser på barne-TV lenger har også eg fått med meg at det ikkje går på NRK 1 lenger. Derimot er det flytta til sidekanalen NRK 2 og utvida. Så situasjonen er altså ikkje heilsvart. Men det ligg nok i tida at ingen ting skal vera fast lenger, tradisjonar er til for å brytast. Personleg er eg meir opprørt over at dagsrevyen kl. 19.00 er utvida med nesten ein halv time. Og den er blitt minst tilsvarande meir kjedeleg. Så du må nok belaga deg på store TV- omveltningar når du vender nasa heimover att Anita. Ha ei fin helg! Farfar

  • he he. Tenker skuffelsen var til å ta og føle på! Verden stopper ikke opp i Norge heller. I tillegg til fortsatt lave skatter, høye huspriser, ekstremværdebatter og miljøkriser, men alikevell den beste vinter på 50 år, er alt som før! Ha en flott helg jenta mi. Snakkes i helgen!

  • Nei Anita, Barne-TV e ikkje lekser på NRK 1 nei ;) Men d går på NRK Super ;) Eg og trudde med ein gang at d va slutt på barne-TV, men heldigvis va d bare flytta t NRK Super ^^

    God helg søta! :) <3

  • Eli: og eg trudde eg ikkje følgte med….. ;)
    Berit og Knut: hørres ut som det er mange endringar ja. Synes noen tradisjonnar er til for å holdast! hehe..
    Mamma: wow, eg får ikkje med meg noenting her eg. Skype i kveld!:)
    Heidi: haha, bra du har kontroll på kor du kan få din daglige dose av barnetv.

  • Haha, jepp blir aldri voksen eg! :D Barne-TV må eg få med meg kvar dag :D hehe, nei vett detta fordi Oda ser på d ;P *skylle på d* hehe.

Leave a Reply