Religion #1: AMISH

Har eg fortald dykk om amishfamiliane i området? Ja? Nei? Uansett!

amish

Frå Anita Svendheim si dagbok, 17. august 2009:
Heilt sikkert ein amish-plass (kvifor skulle dei elles ikkje hatt internett??)

Den gong var det berre noko eg skreiv i desperasjon over at eg ei veke seinare skulle flytte frå melkesjokolade, “senkveld med Thomas og Harald” og andre meir eller mindre fine folk. Eg fløy over til Statene og ante fred og ingen fare. Eg såg ingen kjerrer, ingen svartkledde folk eller småhytter utan elektrisitet.

Heilt til ein dag:

Frå Anita Svendheim si dagbok, 8. oktober 2009:

Eg gjekk rundt på matvarebutikken her på jakt etter tomatsaus då eg snudde meg og plutselig sto
ansikt til ansikt med ein som såg ut som om han var tatt rett ut frå historieboka mi.
Eg la hovudet på skakke og prøvde å sjå bak mannen fra 1800tallet, for å sjå 8 andre menn/kvinner i samme kostyme.
“Kult” tenkte eg “dei har tema-dag!”
Men då dei betalte og gjekk ut i kjerra si for å ri heim, forsto eg det.

Det var mitt første møte med ein amish-familie!

Såja. Amish familiar har me ein del av her oppe “kvar ingen skulle tru at nokon kunne bu”. (Kan nokon sende Oddgeir Bruaset opp hit?)  Det er ikkje det at ein ser så mykje til dei, fordi

- dei er heimeskulerte
- dei bur i små hytter borti der “kvar ingen køyrer forbi”
og
- dei heng ikkje akkurat på lokale restaurantar

Men

Amishfamiliar er KULE. Dei:
- har sin eigen festival her i juli
- er flinke til å laga mat (nei, ikkje hamburgarar)
- snakkar ?nederlandsk? (av alle ting….)
- køyrer hest og kjerre
- rapar for å seie “takk for maten”
- lev utan straum (respect!)
- lar biskopen ta alle viktige avgjørelsar for dei

Fortsettelse følger i neste episode av “RELIGION”.
Da-da-da-daaaaa.

0 Response to “Religion #1: AMISH”


  • No Comments

Leave a Reply