Advarsel: Eg har inga peiling på kva eg snakkar om
I går var det SuperBowl her i USA. Altså den nasjonale finalen i amerikansk fotball.
Alle. Ja, alle, fuglte med på den kampen.
Amerikanarar går på styr når det kjem til sport, spesielt amerikansk fotball.
I dag gjekk sjølvsagt alle samtalane til å snakka om gårsdagens store begivenheit.
Mange gjekk med svære smil klistra over andleta, nokre hadde missa pengar og andre gjekk med fotballdraktene.
Super-Kyle-Bowl: Såg du kampen i går!???
Eg: Yeaaaah!
(og eg forsto overhovudet ingenting av det)
Super-Kyle-Bowl: Awesome match, huh?
Eg: Yeeeaaaah!
(dei to minutta eg såg var jo.. vell, ikkje meir enn sveitte mannfolk som sprang kvarandre overende på grunn av ein ball som var for nære ein strek)
Super-Kyle-Bowl: Do they have american football in Norway?
Eg: Yeeeaa… uh, no.
Er det noko eg har lært meg så langt så er det: ikkje diskuter religion, politikk eller sport med amerikanarar. Difor har mitt ord i dag vore YEAH. Det kan jo aldri slå galt.

Superbooowl, yeeeah! Presten i kirken vår snakker helt sikkert om Superbowl og sammenligner det med noe kristent. Kul type.
Hahahaa azuuum! Me får læra oss litt american football når du kommer hjem. Ta det i gymtimene.
Flott at du har seng klar, eg e mer enn klar for å komme meg vekk herfra litt! :p
Go Saints. Eg har blitt football entusiaist. Synd aaat sesongen e over.
Og jo, me faktisk football i Norge.
Haha, hørres bra ut anders. du får starta opp eit lag i norge du’a. Maria er med deg! heheh…