Typisk mormonarar

Har eg lov å vera irritert?

Magasiner og aviser gjer meg sint. Dei er så rotne og skyr ingen midler for å få fram reaksjonar hjå folk. Eg leste Se og Hør i dag og kom over ein artikkel om ein mormonmann frå Utah som hadde 5 koner, 46 ungar og 219 barnebarn. Heilt feil? Ja! Men når menneske les slikt drar dei alle under ein kam, så det er ikkje rart at folk flest er skeptiske til mormonarar. Eg var også skeptiske til dei før eg kom hit, men ikkje nå lengre. Mormonarane her er nokre av dei snillaste, mest komiske og kunnskapsrike folka eg veit om. I tilegg er det få andre som set familien så høgt som mormonarane gjer. Kvifor skal magasiner/aviser berre få fram dei mest brutale sine for einkvar pris? Eg liker ikkje aviser. Det er betre å ikkje vita nokonting om ei sak, enn å høyra massa feilinformasjon vinkla kun frå ei side. Nøytal avis ynskjes, takk!

Picture0003

2 Responses to “Typisk mormonarar”


  • Du har all grunn til å vera irritert ja. Og fint at du engasjerer deg. Men då må ein nok leggja til at “Se og hør” nok er det minst etterrettlege tidsskriftet i Norge. (Akkurat den sida av saka er det nå laga ein film om faktisk.)Tett fulgt av “Her og nå” og med VG og Dagbladet hakk i hel.
    Av riksavisene vil eg påstå at Aftenposten nok er ei ganske så seriøs avis. Men også dei to distriktsavisene frå dine heimtrakter, Stavanger Aftenblad og Haugesund Avis er vel nokså nøkterne og greie.
    Helsing farfar

  • Ja, eg er i grunn klar over at eg ikkje bør legga så mykje i se og hør. Aftenbladet er absolutt yndlingsavisa mi også, dei er veldig saklege.

    Klem

Leave a Reply