

Eg er med i ei lærargruppe på ein Ning som heiter Del&Bruk. Kvifor vart eg med der sidan eg er elev? Jo, fordi eg og to andre elevar frå Sauda Videregåande Skule var på UiS og haldt foredrag om eit engelskprosjekt me hadde. Uansett, på Del&Bruk den siste tida har det vore heftige diskusjonar rundt dette med stenging av Facebook på skular rundt om kring i landet, og det er noko eg gjerne vil ta opp.
Ein ting vil eg gjera klart – eg har full forståing for at mange lærarar finn det frustrerande over det som ein kan oppfatte som ein distraherande og lite vettug PC-bruk blant elevar. Argumentar for og i mot har sjølvsagt vore heftig diskutert både på D&B, på diverse bloggar, Twitter osv. Kva slags erfaringar har eigentleg komt med stenging av Facebook og andre sosiale arenaer som elever har tilgong til i skuletida? Arbeider elevane meir effektivt – eller brukar dei Facebook til skulerelaterte saker? Kva skjer viss ein stengjer berre Facebook? Brukar dei då andre sosiale tenester – les dei fjortisbloggane på blogg.no i staden?
Viss ein seier reint hypotetisk sett at Facebook vert stengt. Ja, elevane kjem seg fort rundt sperringane. Dessutan har me såkalla “smarttelefonar” der me har tilgong til FB 24/7. Sjølv prøver eg å køyre ei hard hand på meg sjølv, der eg ser på det som bortkasta tid å bruke den på FB med mindre det er i skulesamanheng. Nokre elevar hevdar at dei er gode til å multi-taske mellom skule-gjeremål og private, men stort sett tyder vel på at ein gjer fleire ting samtidig og ikkje gjer dei lika godt enn om ein gjorde det etter kvarandre. Sjølvsagt er dette også eit emne som kan diskuterast.
Derimot kan dette vera ei open for pedagogisk utprøving av FB samt andre arenaer, for å stimulera utvikling av gode læringsstrategiar i den digitale skulen. Det er også vanskeleg å tenkje seg korleis skulen kan bidra til utvikling av elevane si digitale utdanning dersom lærarar og elevar ikkje får tilgong til desse arenaene på skulen.
august 31st,2010
Ymse |
No Comments

Kvardagen har starta igjen, etter ein lang god sommar. Eg kjennar at eg klar til å gjere ein innsats igjen, både ved tanke på skule, jobb og politisk arbeid. Eg er klar for å gjere det eg likar å gjere!
Etter ein krevande vår full av eksamenar har eg begynt å tenkje litt på korleis skulesystemet vårt eigentleg er satt saman. Ta for eksempel konseptet eksamen; Ein skal få ei vurdering etter kva ein gjør i løpet av 40 min, og denne vurderinga skal telje på lik linje med standpunktkarakterer som ein har jobba med i eit heilt år. Eg slit litt med å sjå logikken i denne vurderingsmåten. Det er greit nok at ein skal måle kompetansen i faget, men eg følar det er litt vel brutalt, og at det finns betre måtar å gjere dette på. I løpet av mi skolepolitiske karriere i Elevorganisasjonen var mappevurdering eit begrep som vart velbrukt. Mappevurdering er eit alternativ til den eksamensforma me har i dag. Istedenfor ein munnleg/skriftlig eksamen, vil ein då kunne få vurdering i kva ein har gjort i faget gjennom heile året ved å levere inn ei mappe med oppgaver, notat, prøvar og liknande som skal vise kva ein har gjort for å lære dei forskjellige kompetansemåla. Ut i frå denne innleveringa skal ein då få ei vurdering som tel tilsvarande mykje som det eksamenskarakteren gjer i år. Dette er ei løysning som ikkje berre verkar meir rettferdig, men som og fjernar problematikken rundt det ein kallar ”ein dårleg dag” på eksamen. Det er nemleg noko av det som er problemet, at alle kan ha ein dårlig dag. Den eine dagen burde ikkje kunne påvirke ditt vitnemål i den graden den gjør i dag! Heldigvis er dette noko som jobbast med i dag hos utdanningsdirektoratet, slik at me kan sjå på alternativer til den utdaterte eksamensformen som kjørast i dag.
Noko anna som eg set spørsmål med er den nye praksisen rundt politisk-/sykefråvær. Slik det var før dette skuleåret, var det lov å ha 14 fråværs-dagar som ikkje kunne synast på vitnemålet. Det var fleire fråværstypar ein kunne stryka frå vitnemålet. Fråvær grunna politisk engasjement som politiske verv, elevrådsarbeid og liknande, sjukefråvær grunna kroniske sjukdommar og liknande. Dette fraværet vart danna for å la politisk engasjert ungdom få lov til å drive politisk arbeid, opptil 14 skuledager gjennom eit heilt skuleår. Det lar også dei som er kronisk sjuke fjerne fråvær grunna sjukdom fra vitnemålet.
No er denne praksisen endra, og det er kun lov med 10 dagar politisk fravær/sykefravær. Ein kan spørje seg kvifor. Kvifor kutte ned på engasjement? Kvifor skal sjuke få høgare fravær på vitnemålet? No har det seg slik at kunnskapsminister Kirsten Halvorsen har vært på leit etter gode idear for korleis ein kan forhindre frafall i den videregåande skulen. Istedenfor å hjelpe dei som slit, med betre rådgivning og hjelp i fag, velg regjeringa heller å innføre mindre tillatt fravær, som i og for seg er greit, då ein skal delta i undervisninga. Men det er ikkje rett måte å løyse problemet på! Det kreves betre lærerar, betre oppfølging og betre rådgivning for å forhindre frafall. Det som kuttet i tillatt fravær vil føre til, er at det kanskje vil bli vanskeligare for dei som har hatt sjukdommar, og dei som har vært politisk aktive å få jobbmulighetar etter den videregåanede skulen. Å forhindre politisk engasjement vil ikkje minska fråfallet. Tvert imot trur eg.

Det er mykje ein kan endra med den norske skulen, men ein får gjer det besta ut av situasjonen. Eg ønskjer alle lykke til med skuleåret 2010/2011!
Min blogg-kollega Roy Andrè skreiv for ei tid tilbake eit innlegg der han var bekymra om at ungt engasjement ikkje når fram. Han snakka også om den Facebook-gruppa som ein kompis av han laga, som stod for at 16-åringar ikkje burde få stemmerett. Berre som ei lita oppdatering angåande Facebook-gruppa Roy Andrè starta (Ja til stemmerett for 16-åringar); den er på overraskande 947 medlemmer. Kom igjen – vis litt engasjement! Meld deg inn i gruppa viss du er for at 16-åringar burde få stemmerett ein gong i tida! Med di hjelp klarar me fort 1 000 medlemmer.
Apropo Facebook. Vekas innlegg skal handla om noko som eg oppfattar som lokalt engasjement blant ungdom – nemlig på nettarenaen Facebook. Patrick Weerstrand frå Sand laga ei gruppe som heiter “Me som ikkje vil at hurtigbåten ikkje skal vekk frå Indre Ryfylke”, ei gruppe som tar for seg og får fram at nokon av politikarane ønskjer å kutte det kollektive transporttilbodet me har i Ryfylke. Dei vil nemlig gjera slik at ikkje hurtigbåten stikk innom Indre Ryfylke før den fortsett ferda si til Stavanger. Slik Patrick skriv på gruppeinformasjonen; “ (…) me vil at den blir slik den er nå, slik at me fortsatt kan reisa til Stavanger uten at det blir ein lang omvei.” (Opprinneleg “foreldre”. Veit du kva? Eg synast at det er ei flott gruppe – gruppa har nemlig klart å engasjere både vaksne og unge som bur utfor og innanfor Ryfylke, der folk har debattert og komt med sine meiningar. Eg synast også det er flott av Patrick at han har tatt engasjement til dette og gjort slik at andre menneske har fått augo opp for kva politikarane faktisk drøftar om å gjera, slik at me i samfunnet kan få seia vår meining. Om dette er sant eller ikkje, veit eg ingenting om, men det bryr eg meg heller ikkje om. Poenget mitt er at gruppa har laga blest og diskusjon, noko som burde koma betre fram i media, og politikarane burde ta hintet og høyre på kva folket har å seia. Ikkje berre ungdommen, som eg tykjer er så viktig, men alle i alle aldre.
Eg har lest mange gode argument på tavla til gruppa, og føler meg eigentleg litt stolt over å stamma frå ein plass der folk ikkje er redde for å seia meiningane sine. Eller, vertfall skriva dei ned. For å sjå litt av dei, sjå på biletet eg tok derifrå (trykk for å få det større), eller besøk gruppa. 
Andre som òg har fått litt frustrasjon ut gjennom tastaturet er
Ivar Skjelbred; “Makan til tullete argument.Dette kan jo ingen meine seriøst!!!! Ein kan jo bygge flyplass istaden.”
Arne Aarhus seier også at “En rustar opp skulen, har fått ei flott volleyballlinje i form av TVN. Er det å satse på ungdommen når dei blir avhengig av foreldre og buss til stavanger? Det tar lang nok tid for elevene ved tvn slik som det er i dag… Syns faktisk at argumentet “me vil at den blir, slik at me fortsatt kan reisa te stav- uten foreldre” e ganske bra! Skal Suldal Kommune nokon gong klare å snu trenden med fraflytting, er en avhengig av å skape begeistring i bygda! Begeistringa begynner allerede mens en går på barneskulen! La ungdommen reise ut i verden med en følelse av at heimkommunen er den beste plassen å bu! Da vil dei og komme tilbake i framtida! Dette er snakk om mer om en båtavgang!! Sveiv i gang koret og syng klagesangen!
Det er vel her servert ein gavepakke til revygruppa??
”
Eg berre spørr meg sjølv, og eg veit at blant anna Suldalsposten hadde ei sak om dette (den var alt for liten spørr du meg) – kvifor skriv ikkje media meir om slike saker? Må me verkeleg dra lasset sjølv? Skal me hamra på døra til politikarane og be dei skjerpa seg, eller skal me sparka media i rompa og be dei gjera jobben sin?
august 3rd,2010
Ymse |
No Comments

- Britt Mari Engeskar
Kvifor er det så viktig for oss unge å bry oss om politikk? Er det ikkje enklare å kaste på håret, himle med augo og snu seg rundt på hælen og gå den andre vegen? Kvifor har samfunnet bruk for akkurat dine meiningar, kva kan du liksom utretta?
Eg har leita litt rundt på nettet etter intervju der unge engasjerte politikarar seier kva dei meinar om kva retning mange unge har tatt innanfor politikken. Ein av sakene eg har sett litt nærare på er denne: http://www.rb.no/zoom/article4844458.ece. Leiaren av Akershus Unge Høgre, Sebastian Næss seier at “eg trur absolutt ungdom er meir opptatt av politikk nå enn tidlegare. Eg trur mange kjenner ein stadig større trong til å ville gjere noko aktivt og vera med på å bestemma, og dermed meld seg inn i politiske parti. Me kan kanskje takke regjeringa litt for det. Ein del vert nok motivert av å sjå ei regjering som bare tuar fram utan å vise vilje til god dialog (…)”
Kva kan ein eigentleg uttretta når ein er ung? Eg skal ikkje koma med masse kjedelege tall som eg har lasta ned frå cyberspace, heller ikkje koma fram med fleire meiningar henta frå diverse intervju eg har funne via google. Eg vil gjerne dela mi meining og mi historie.
Eg har alltid vore ei jente med sterke meiningar, kanskje ikkje reint politisk, men eg har fleirfaldige interesser og saker eg brenn for. Då eg starta på videregåande i Sauda fekk eg utløp for meiningane mine via diskusjonar både i klasserommet og utanfor. Då Einar Schibevaag kom på skulen vår den hausten eg begynte i fyrste klasse, fortalte han oss at han leita etter frivillige til eit politisk prosjekt som skulle få fleire unge engasjert i politikk. Eg hugsar godt at eg var veldig i stuss om eg faktisk skulle ta det store personlege steget og kasta meg ut i det som ein svingandes apekatt på ein liane. Ikkje visste eg kva eg gjekk til, og eg hadde ei blanda kjensle om eg ville bli godtatt eller ikkje. Tankar som “vil verkeleg dei vaksne høyra på meiningane mine?” og “vil dei ta meg seriøst?” var på konstant rundttur i hovudet mitt. Eg var redd dei ville servera meg det eg høyrer om att og om att; at eg ikke kunne nok om det eg snakka om, og at eg ikkje hadde nok livserfaring.
Sjølv om eg var redd på korleis dei skulle sjå på meg, tok eg sjansen, noko eg ikkje angrar på i det heile tatt. Hekta vart eg, då eg fekk sjå at dei høyrte på alle ungdommane i gruppa, ga oss alle likt ansvar og ikkje minst tok oss seriøst. Eg møtte mange kjekke ungdommar, som hadde like sterke meiningar som meg, og knytta meg bånd gjennom gruppa. Fortsatt var eg ikkje interessert i partipolitikk, men hadde meir meiningar om ting som plutseleg dukka opp, slik at eg hadde kunnskaper nok til å stilla meg bak eit parti og seia at eg støtta dei i akkurat den saka. Etter kvart kom eg meir og meir inn i kva dei ulike partia meinte og ikkje minst deira hjartesaker – dette var ikkje noko som eg vart pressa til å høyre om, men som eg plukka med meg på vegen. Eg har aldri satt meg ned og faktisk lest gjennom partiprogramma før eg dro til Strand vgs for å vera med på “Ministorting”, der me laga til eit eige Storting som me dramatiserte, der me sjølve satt i regjering. Det var også ei interessant oppleving, der eg lærte mykje om korleis Stortinget fungerer, og kor mykje jobb det faktisk ligg bak den politiske prosessen. Eg har òg knytta kontaktar og veit korleis ein debatt og konferanse foregår. Og ikkje minst – eg kan meir, mykje meir enn det eg nokon gong kunne ha lært gjennom skulen. Ein ting er å lese om korleis Stortinget fungerer, men det å faktisk prøve å gjere det sjølv i praksis, opna augene mine. Noko som har slått meg, er at eg bryr meg meir om samfunnet, og har mista redsla for å ikkje bli godtatt og ikkje bli tatt seriøst. “Mot til å Meina” og alle menneska bak det, menneska som er med i gruppa og ikkje minst alle eg har møtt har gitt meg så mykje som eg aldri kunne fått nokon annan plass. Det er eg utruleg takksam for. Så til alle ungdommar som er redde for å ta eit slik steg – berre gjer det, du får så mykje tilbake enn det du sett til spel.
Det er derfor eg bryr meg – fordi eg veit eg har kunnskaper og meiningar som burde bli tatt seriøst. Ungdommen er framtida – derfor burde me bry oss. Å forma samfunnet slik me ønskar det, og ikkje la eldre menn med lite hår på hovudet stå for snakkinga og fiksa ordningar me ikkje vil ha i samfunnet me kjem til å leve i. Det er viktig å bry seg – allereie no.
- Britt Mari Engeskar
I motsetnad til dyr, har mennesket eit tidsperspektiv, eit system for å organisera tid. Heilt frå me hadde sko på størrelsen til tommelen til far var, lærte me om år, månadar, dagar, minutt og sekund. I starten finn me dette morosamt – det å læra klokka, men etterkvat vert dette systemet meir og meir viktig for oss. Me må til kvar tid vite kva klokka er, for me har ting me skal gjera eller plassar å vera. Som regel er dette praktisk, sidan ein då kan få gjort mykje ut av ein dag, som å gå på skulen, møter og arbeida.
Når ein er på den alderen eg er i no, ser me unge vaksne gjerne svært langt framover i tid. Me kan se for oss ei tidslinje. Gjere ferdig videregåande – Universitetet/høgskule – jobb – giftermål-barn-. Me kan sjå åravis framover, og me har som regel planane klare i detalj om korleis alt skal gå føre seg.
Eg vil gjerne spørja meg sjølv, og deg sjølvsagt – er dette sunt? Skal me verkeleg verta avhenging av tid? Eller rettare sagt, synet vårt på tid? For i utgangspunktet skal me jo eigentleg leva kvar dag for seg sjølv, akkurat slik dyra gjer det. At me kun tenkjer på notida og lever etter eit ubestemt tidsrom. Altså, me ser ikkje berre tid framfor oss, me ser også tid i oss sjølve, og i kvarandre – ved hjelp av alder. Me ser alder som eit stort tall på alle me møter. Kor gamle me er setter forventningar til oss om kva me burde gjere og korleis me burde oppføre oss. Me skal følgja eit spesielt mønster, og me skal også gjerne vera i nærleiken av jemnaldrande, med unntak av familie.
Tenk om me ikkje visste kor gamle me var? Eg veit det er ein idiotisk tanke, for ein kan alltids telje sesongane og vite omtrent kor gammal ein er, slik som vikingane gjorde på 900-/1000-tallet. Kunne me då ha følgt vårt eige tempo? Me kunne ha levd etter kor modne me følte oss, og ikkje etter kor gamle me var. Me hadde ikkje hatt eit konstant press på oss heile tida om kva me burde gjere. Og for kvar person ein møtte, møtte ein sjølv komme opp med eit bilete av personen sin modenheit, fordi me ikkje kunne spurt om alder.

Det har aldri før vore så mykje press på ungdommar som det er i dag. Me skal klare å balansera det å ha eit sunt familieliv med oppgåver og ansvar, ha eit sosialt liv blant jamnaldrande, vera god på skulen og få høge karakterar, og på toppen av denne haugen skal helst ein jobb ligga stødig. Alt dette skal ungdommen balansera i dag; er det ikkje rart at me er opptatt av tid? Me kan jo berre sjå på foreldra våre, som påverkar oss mest då me var små; dei er endå meir opptatt av tid enn det me er. Spørsmålet mitt er kanskje åpenbart for nokon; det er ikkje om dette er sunt, for det er det ikkje. 1 av 5 vert deprimerte kvart år (eg legg ikkje skulda berre på tid her), me har ein forferdeleg hektisk kvardag og mykje å balansera. Er det norske samfunn slik me ønskjer det, eller har me berre følgt straumen oppover på fartskalaen? Eg veit at me menneske er avhengig av dette me kallar tid, ein ting som ikkje er fysisk, noko som eigentleg er ikkje-eksisterande. Dei fleste veit at det er me menneske som har laga eit system ut av det – eit system som finns både på godt og vondt.
Spørsmålet mitt til deg som er ungdom er – viss du kunne ha forandra kvardagen din, kva ville det ha vore?
Mitt svar på det er at eg faktisk ønskjer å ta eit pust i bakken utan at nokon ringjer til meg, se
ndar meg tekstmelding eller at Facebooken min blinkar ilande raudt og alle prøver å få tak i meg. Det å faktisk slappe av, kjenne at kroppen faktisk slappar av, både psykisk og fysisk – gjerne med god musikk på øyra, ei god bok og total stillheit. Det hadde gjort den utroleg (!!) travle kvardagen min fleire gonger betre.
juli 16th,2010
Ymse | tags:
Tid,
Ungdom |
No Comments

Sumaren står for hell; graset er grønare enn grønt, ein kjennar grillukta i lufta og alle går lettkledde. Skulen er over for dei fleste, og mange av skuleelevane har lagt bak seg eit hektisk år med både heildagsprøvar og eksamenar. No er tida for å slappa av, kosa seg i sola og bada i det kjølege vatnet. Eg kjenner sjølv det skal bli godt med ferie, sjølv om eg berre har hatt ein eksamen. Eg må ærleg vedkjenna det faktum at eg manglar inspirasjon til kva eg kan skriva om i blogginnlegga. Har de lesarar forslag, er det berre å putta dei inn i kommentarfeltet!
Noko som eg har lyst til å skriva om i dag, er rett og slett nynorsk. Eg føler at det er veldig blanda kjensler rundt akkurat dette, sidan mange ikkje skjønar kvifor ein i det heile tatt skal læra seg eit slikt skriftspråk. Mange hevdar at det er ein utdatert måte å skriva på, sidan mange av oss ikkje snakkar slik me skriv på nynorsk. Spesielt vanskeleg er det vel for dei som snakkar austlandsk og er oppvaksen med å skriva bokmål. Eg føler iallfall det er der motstanden kjem frå. Kvifor skal me læra eit slikt språk viss ein ikkje får bruk for det?
Sjølv kjem eg frå Øvre Suldal (Nesflaten) der eg vaks opp med å skriva nynorsk allereie på barneskulen, og har eigentleg eit godt forhold til denne nynorsken. Då eg flytta til Sauda for å gå på vidaregåande, var eg fast bestemt på å ha nynorsk som hovudmål – ikkje fordi eg meiner at nynorsk er enklare enn bokmål, for det er det ikkje, men fordi eg synest at det er tøft og unikt. Eg har til og med gått så drastisk til verks at eg skriv nynorsk på statusane mine på Facebook, sjølv om eg finn meg sjølv slurvande av og til. Eigentleg så er dialekten min ganske lik nynorsk, så eit av argumenta mine er at det er enklare for meg å skriva. Når eg skriv bokmål føler eg meg så sakleg og danna. Er det fleire som føler seg på same måten?
Eg har høyrt mange gode og dårlege argument angåande bruk av nynorsk i skulen. Som sagt, så meiner mange at det er for innvikla og at me brukar ord me eigentleg ikkje seier til vanleg. Sånn som miskunnsam, bilete og kjensler. Her er det sjølvsagt unntak, og eg synest det er ganske unikt med menneske som faktisk brukar desse orda. Men uansett; mange eg har snakka med om dette har ei dårleg haldning til nynorsk. Dei som bur på austlandet finn det særs idiotisk å skriva nynorsk, sidan dei hevdar at dei aldri kjem til å få bruk for det.
Kva om du vil utdanna deg innan journalistikk, og må skriva eit par saker på nynorsk? Hadde det ikkje vore greitt å kunne dette godt nok til at sjefen blir nøgd og at saka di kjem på trykk? Kva om du vil bli tekstar innan TV der ein viss prosentdel av filmane og seriane skal vera teksta på nynorsk? Kjem ikkje skulegongen din godt inn her? Eg må berre seie, sidan me faktisk er så heldige å læra nynorsk på skulen, og at me faktisk er så unike at me har to skriftspråk – kvifor kan ein ikkje sjå til å læra seg dei då? Det er faktisk ikkje alt i verda heller, og det er kult å faktisk kunne ordleggja seg på begge skriftspråka.
Ikkje veit eg, men sidan mange klagar slik over nynorsken, burde me kanskje gjort nokre endringar? Burde me ha forandra ord som kjensler om til følelsar? Er det andre effektive måtar å læra bort nynorsk til elevar? Dette er i grunn uferdig tankegong frå mi side, og eg vil gjerne ha litt innspel rundt akkurat dette, så eg klarar å faktisk danne meg ei konkret meining.
Forresten, magasinett.no hadde nettopp ei sak av Leif Tore Sædberg om at det er populært å skriva nynorsk i det norske black metal- miljøet. Han stadfestar at nynorsken ikkje klarar å halda på utbreiinga si, noko som eg synest er synd. Men, det er godt å høyra at det faktisk er nokre menneske i dette landet som tek nynorsken seriøst, og brukar den blant anna i kunstnariske uttrykk som musikk. For det har seg nemleg slik at det er fleire sider med nynorsken enn berre skulegong og vanskelege ord.
juni 21st,2010
Ymse |
6 Comments

Dette innlegget er retta mot alle vaksne lesarar, politikarar osv:
Ein ting som eg kjenner provoserar meg noko voldsomt, er det faktum at mange vaksne meinar at ungdommane i dag ikkje er seriøse nok til å delta i vaksensamfunnet! Ein ting me har diskutert ufatteleg mykje på samlingane i Mot til å Meina er kvifor me ungdommar ikkje tek initativ og blir med i politikken frivillig. Noko av det me kom fram til var at ungdommane er redde for å ikkje bli tatt seriøst.
Er det rart at me ungdommar ikkje vil delta i politikk når alle dei vaksne snur ryggen til oss og berre snøftar og påstår at me verken veit nok , har nok livserfaring og at me ikkje kan delta i eit val? Ein ting skal eg sei deg – du som er vaksen, du som trur at det einaste som står i hovudet vårt er alkohol – me veit meir enn det du nokon gong gjorde då du var lika gammal som me er no! Internett har revolusjonert ungdommen, me kan meir innan data, me held oss oppdatert om saker som skjer, ikkje berre innanlands men også utanlands.
Wikipedia og andre leksikon er noko me har med oss i lomma, og me kan slengja meir fakta ned på bordet enn du nokon gong har gjort. Kanskje du, som vaksen, har meir erfaring, men kvifor skal det stoppa oss? Skal me verkeleg sitja å venta til me blir 18 år før me kan få finna ut av kva det vil seia å stemma? Skal me verkeleg venta til me er 18 år eller eldre før nokon bryr seg om kva me meinar?
Kanskje det berre er de vaksne som er redde for at me skal ta over politikken? De kjem til å pissa i buksa når de ser kva me kan utretta. For det meinar eg er rett – dei unge må inn i politikken. For å seia det på ein annan måte, vil eg gjerne visa til Roy Andrè sitt førre innlegg, der han skreiv; “Det er kritisk at dei yngre generasjonane ikkje skal få vere med på å forma samfunnet. Det er jo me som skal leve lengst i det.” Dette er så utruleg sant.
Me må inn i politikken før eller sidan! Kvifor kan me ikkje starte no, og etablere kunnskap om korleis me skal få neste generasjon interessert i politikk?
Eg må seia at eg kjenner meg oversett og som ein maur i ei maurtua når det kjem til å få respekt av dei vaksne. Eg er liksom ikkje gamal nok eg då? Har eg liksom ikkje meiningar heller no? Eg syns nok skal vera nok! Fjern den pinglete haldninga og gi oss ein sjanse!
mai 25th,2010
Ymse |
1 Comment

Noko eg har undra meg over i den siste tida, er problematikken rundt at politisk engasjert ungdom, samt alle dei ungdommane som meinar noko om samfunnet dei lever i, ikkje får lov til å stemma. Eg har nemlig litt problem med å forstå kvifor engasjerte menneske ikkje kan vera med å påverka kven som skal få lov til å styre i landet.
Ta til dømes ein gjennomsnittleg 17-åring. Han går på den vidaregåande skulen, tek i bruk kultur- og fritidstilboda på fritida, og arbeidar. Denne personen har hatt samfunnsundervisning i politikk på skulen, og skal i teorien ha ny og god kunnskap om korleis det politiske Noreg fungerar. Han jobbar, betalar skatt, og han veit kva det betyr å jobbe for noko. Det interesserer han kor godt eller dårlig fritidstilbodet for ungdom er på heimstaden, korleis vegane er, og korleis skulen ser ut. Det gjorde iallfall eg sjølv, når eg var 17 år.
Kvifor skal ikkje desse ungdommane få lov til å vere med å ivareta sine interesser ved å stemma? Alle har nemlig noko dei interesserer seg for, anten det er nokon i 70-åra som uroar seg over pensjonstilbodet, eller ein 40-åring som vil ha lågare pris på alkohol og røyk. Alle har sine interesser, alle burde få lov til å ivareta desse ved å stemma! Er ikkje det ganske logisk?
Eg irriterer meg over folk som seier at me ikkje kan nok. At me manglar livskunnskap. Dette er fordi eg veit at det er feil! Greit nok, nokre bryr seg mindre om politikk enn andre, men dette gjeld også for andre aldersgrupper, og er ikkje eit godt nok argument mot 16-årig stemmerett. Difor sit eg og lurar på kvifor dei unge fortsatt ikkje blir inkluderte. Kanskje det er frykt blant dei eldre politikarane. Kanskje dei er redde for at dei ikkje vil appellere til ei ung samfunnsgruppe? Ikkje veit eg, men det er kritisk at dei yngre generasjonane ikkje skal få vere med på å forma samfunnet. Det er jo me som skal leve lengst i det.
Ein ven av meg, oppretta ei gruppe på facebook denne månaden. Den heitar “Nei til stemmerett for 16-åringar”. Når eg såg denne gruppa, som hadde som mål å jobbe mot det eg står for personleg, samt det eg har vært med på å jobba mot i prosjektgruppa “Mot til å meina”, kunne eg ikkje unngå å bli provosert når eg såg at fleire av vennene mine blei med i gruppa. Etter ei lita vurdering bestemte eg meg for å gjere det same, og eg oppretta ei side på facebook. Den sida heiter “Ja til stemmerett for 16-åringar!”, og blei oppretta på grunn av at eg følte det var tid for å belyse saka. No, i skrivande stund, har denne sida vokse til nøyaktig 800 medlemmer! Dette er utruleg bra, og sida er i kontinuerlig vekst. Det som er ganske morosamt er at gruppa som er mot stemmerett for 16-åringar, berre har 210 medlemmar og er inaktiv, mens det føregår diskusjonar og ei medlemsauke på sida vår.
Ikkje berre visar denne gruppa at det er fleire som er einige om at alderen for stemmerett burde bli lågare, men gruppa viser også at ungdom engasjerer seg. Facebook er nemleg ein av dei beste arenaene for ungt engasjement. Det er ein nettstad dei aller fleste er innom kvar dag, der me skriv om kva som skjer rundt oss. Vi klagar over det dårlege kollektivtransport-tilbodet i kommunen, me klagar på politiske parti o.l. Og me blir med i grupper og sider som står for noko me bryr oss om. Difor er det kanskje ein idé at dei politiske partia burde bli meir aktive på facebook?
Ungdom burde få sleppe å måtte ta saker opp i media eller i kommunen direkte for å bli høyrde. Dei burde få lov til å stemma! No er det slik at kommunal- og regionaldepartementet har godkjent at 20 kommunar skal få vere med å prøva ut 16-årig stemmerett ved kommunevalet i 2011, noko eg gler meg til å sjå resultatet av. Og kanskje, viss resultatet av prøveprosjektet blir bra, vil den 16-årige stemmeretten utvidast vidare.
Ungdommen er ein stor ressurs i samfunnet. Vi har gode kunnskapar, og vi har meiningar! Høyr på oss, og la oss bli med å bestemme kven som skal få lov til å styre samfunnet me lever i. Senk stemmerettsalderen!

Eg kjenner solstrålene gjera meg varm fordi dei stryk meg på kinnet. Graset er grønt, og sumarfuglane kranglar allereie om kven som skal få den største, finaste blomen. Eg sit ute på terrassen min i Suldal, saman med kaffikoppen og frukosten min. Eg kjenner at eg har lært mykje på desse tre dagane i Stavanger, og eg vil gjerne dela tankane mine rundt konferansen, samt å gi eit lite referat.
Dei siste tre dagane i Stavanger har vore hektiske for både meg og Roy André som har vore konferansierar. Heile ”Mot til å Meina- gjengen møtte opp på hotellet klokka fire på onsdags ettermiddag for å starta med førebuingane til konferansen som skulle starta neste dag. Roy André og eg skreiv manus og laga powerpoint. Me har alltid hatt eit godt samarbeid. Roy André er meir teknisk og litt meir sakleg enn det eg er, så han skreiv manuset etter at me saman laga eit fyrsteutkast. Eg er den litt meir kreative personen, så eg laga powerpoint, noko som eg kosar meg med. Det vart ei sein natt, og me kom oss vel ikkje i seng før klokka var nærare to.
Det var opp igjen klokka seks torsdags morgon. Då eg vakna var eg ikkje skikkelig utkvilt, men eg kjende adrenalinet pumpa i kroppen, og karra meg ned til frukost klokka sju saman med Elise og Roy André. Me førebudde oss godt til konferansen skulle byrja, og me var begge litt nervøse då det var fem minutt igjen til konferansen starta. Eg trur alle sit igjen med det inntrykket at både dag ein og dag to var utruleg vellukka.
Det var veldig mange gode føredragshaldarar, der eg spesielt vil nemna Putte Svensson frå Rock City Hultsfred som verkeleg laga liv i leiren med historia si om korleis ein 15-åring med vener i ryggen klarte å starta ein festival som skulle bli ein tradisjon kvart år.
Frank Aarebrot, professor i samanliknande politikk haldt også eit føredrag om kvifor unge vel bort folkevalt arbeid. Sjølv om den opptatte mannen hadde klart å verta trippelbooka, fekk me fiksa det slik at han kom seg til Stavanger og tilbake til Bergen same dagen. Aarebrot har me jobba med før, og han kan verkeleg det han snakkar om. Noko av det han nemnte var at 16-åringar kom til å få røysterett om nokre år. Kva tenkjar du om det?
Det vart også duka for festmiddag klokka åtte på kvelden, der me fekk fantastisk mat som hotellet hadde laga. Per Inge Torkelsen hadde underhaldninga for kvelden, noko som eg er ganske sikker på at alle fann underhaldande. Det var ei kjekk avslutning på ein lang, men veldig interessant og vellukka dag.
Siste dag av konferansen starta me halv ni. Då hadde alle fått ei god natts søvn, og dei fleste var utkvilte og klare for ein ny dag. Øyvind Solstad frå NRKbeta haldt føredrag om blant anna Facebook og andre digitale medium og fortalte at politikarane måtte bli flinkare til å svare på politiske spørsmål som vart stilt over nett.
Elise Heng Steen og Kjell Petter Hetland frå ”Mot til å Meina” haldt eit innlegg om korleis me ungdommar opplever politikk. Politikarane snakkar stort om at dei vil ha oss med i politikken, men er dette tomme ord sidan det aldri skjer noko? Me veit alle at politiske prosessar tek tid, men skal me verkeleg venta til me har krokete rygg, fem barnebarn og ser ut som ei sviska før noko faktisk skjer?
Det var også duka for paneldebatt, der det var lagt stor vekt på korleis skulane oppfordra til politisk aktivitet og korleis undervisninga fungerar den dag i dag. Me i ”Mot til å Meina” er alle heilt einige om at undervisninga på skulen er for dårleg, noko som ikkje gjer oss elevar engasjerte i politikk. Ungdommane må få ut fingeren og uttrykka meiningane sine, men korleis skal me gjere det når me opplever at politikk er noko som er grått og kjedeleg?
Eg vil også takka alle føredragshaldarar, koordinatorane våre og alle som møtte opp på konferansen. Både Roy André og eg fekk nye erfaringar – ikkje berre det med å stå på scena og halda ein konferanse, men me lærte så mykje meir. Det veit eg at dei andre i gruppa også gjorde. Å samla samfunnsvitarar, politikarar og andre med synspunkt rundt det me tok opp under konferansen kjem til å hjelpa oss vidare i gruppa. Det har allereie blitt store diskusjonar rundt akkurat dette med røysterett for 16-åringar, der meiningane våre er delte.
Er det nokon av dykk som ønskjer å lesa alle powerpointane som var på konferansen kan delastast ned på garborg.no. Har de kommentarar kan dei sendast til seminar@garborg.no. Det hadde også vore kjekt om de kunne lagt igjen ein kommentar her inne på bloggen om de har meiningar og tankar rundt konferansen.

Denne veka er det duka for konferanse på First Alstor Hotel i Stavanger i regi av gruppa vår “Mot til å Meina”. På konferansen vil fleire av Noreg sine fremste ekspertar innan politikk, samt kjende politikarar samlast for å diskutera demokratiet. Blant anna kjem professor i samanliknande politikk, Frank H. Aarebrot og skal gi oss svar på; kvifor vel dei unge bort folkevald arbeid?
I dag er det nemlig slik at unge menneske har liten påverkingskraft på norsk politikk. Me er sjølv ungdommar, og me føler oss som ein kasteball når det kjem til å forstå kva politikarane eigentleg vil formidle. Ungdommar har på lik linje med alle andre menneske i forskjellige aldersgrupper ei oppfatning av samfunnet me lever i. Politikarane går ut og seier at dei ønskjer å få fleire ungdommar engasjer i politikk, men når det kjem til stykket endar det opp med at me, ungdommane, sit igjen med ei ekkel magekjensle om at politikarane eigentleg berre kjem med tomme ord og ikkje ønskjer å ha oss med. Dette er ein utruleg dårleg dobbeltmoral frå politikarane si side. Kvifor har politikarane eigentleg bruk for oss? Kva kan me tilføre innanfor norsk politikk?
Noko me gleder oss til, er å faktisk få fram i lyset at politikarane ofte berre er ute etter å sanke stemmer blant ungdommen, når dei eigentleg ikkje bryr seg katten om kva me eigentlig meinar. Det er greit at politikarane vil ha oss med, men me ønskjer at dei gjer det med rett hensikt! Me vil ikkje berre vera ei uviktig stemme. Me vil bidra med kunnskap!
Det har seg slik at me deltek i eit samfunn berekna for vaksne, me betalar skatt, me betalar full pris på kollektivtransport, me kan hamna bak lås og slå, men me får ikkje lov til å stemma. Kvar er logikken?
Vaksne skaper arenaer der ungdommen skal engasjere seg, men me føler at me bokstaveleg talt vert dratt etter håret. Skal me ungdommar engasjere oss skikkelig, må me skapa desse arenaene sjølv. Dei vaksne burde eigentleg berre ha som oppgåve å skapa tryggleik og gi oss gode råd, men me må sjølv klara å koma fram til mål. Me er ikkje ute etter å verta engasjerte viss vaksne skal tvinga oss til det. Lat oss laga vår eigen arena der me kan fremje våre eigne meiningar. Ikkje tving dei ut av oss! Me ungdommar er allereie litt skeptiske og redde for at meiningane våre skal bli slått hardt ned på, og ikkje bli tatt seriøst. Ha heller armane opne når me først kjem krypande med ei korg av meiningar.
Me i ”Mot til å Meina” kjenner oss også mektig provoserte over måten me vert behandla av vaksne. Me ønskjer å bli respekterte og delta i samfunnet me lever i. Det vert ofte sagt at ungdommen er framtida, og me ønskjer å forma samfunnet slik me ønskjer å ha det, og ikkje minst på den måten som me meiner er best for generasjonane etter oss. Kvifor bruker politikarane slike ord om ungdommen viss dei ikkje ein gong trur på det sjølv?
I dagens samfunn er det slik at blant anna media tek opp mykje tid i kvardagen vår, men kvifor jobbar ikkje media betre med å fremje ungdommen sine saker og meiningar? Kvifor kjem me ikkje meir fram i media? Me ungdommar er trass alt ein svær ressurs – bruk oss betre!